Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
HR-konsulent
Ved HR-avdelinga er det ledig ei 100 % stilling som HR-konsulent. Stillinga er eit vikariat med varigheit ut 2022, med moglegheit for forlenging. Det er ynskjeleg med snarleg oppstart.
HR-avdelinga ønskjer deg velkomen til å søkje vikariat ut året som seniorkonsulent ved Seksjon for HR-fellestenester. Avdelinga leverer HR-tenester til Fakultet for Kunst, musikk og design, Det juridiske fakultet og sentraladministrative einingar. Vi ser etter ein medarbeidar som ønskjer å vere med å utvikle oss gjennom sakshandsaming og rådgjeving på HR-feltet.
HR-avdelinga si oppgåve er å yte god HR-fagleg service til leiinga og tilsette. Du vil ha ein viktig funksjon som rådgjevar og samtalepart i alle HR-relaterte saker. Rekruttering utgjer ein stor del av stillinga, dette krev tett samarbeid på alle trinn i prosessen. I tillegg er det andre personaladministrative oppgåver som å følgja opp ulike førespurnadar frå leiarar, tilsette, og søkjarar på arbeidsfeltet.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming og rådgjeving i rekrutteringsprosessar frå utlysing til tilsetting
- Leiarstøtte innan HR og personaladministrativ sakshandsaming
- Sakshandsaming innan personalforvaltning og personaladminstrasjon i henhold til lov- og avtaleverk i staten
- Utvikling og kvalitetssikring av HR-prosessar
Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning på minimum bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Du må ha relevant erfaring frå personal- og HR-området
- Du bør ha god kjennskap til statleg forvalting og regelverk
- God digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi søkjer ein medarbeidar som:
- har stor grad av sjølvstende i arbeidet, og er ansvarleg og løysingsorientert
- har gode kommunikasjonsferdigheter og trives i møte med mange ulike mennesker
- arbeider nøyaktig og systematisk, og har evne til å prioritere
- trives med høyt arbeidstempo og mange parallelle oppgaver
- har ei god serviceinnstilling er raus og inkluderande
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 54 - 59 (for tida kr 491 200 - 534 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: faggruppeleiar Mona Grindheim Matre, tlf. nr. Logg inn for å se kontaktinformasjon, eller seksjonsleiar Janne Marie Solheimslid, tlf. nr. Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen .