Jobbnorge ID: 121509
Ved Molekylærbiologisk institutt (www.uib.no/mbi/) er det ledig ei stilling som postdoktor i molekylær- og RNA-biologi. Stillinga er for ein periode på 3 år og finansiert av Forskingsrådet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Stillinga er knytt til Eivind Valens forskingsgruppe (valenlab.com) ved Computational Biological Unit. Gruppas primære fokus er genregulering, omics, bioinformatikk og RNA-biologi.
Nyare studiar tyder på at translasjon kan vere ein langt meir utbredt prosess enn tidligare antatt og at mange transkripter som ikkje kodar for dei kjente proteina faktisk kan bli oversett til korte peptidar. Mange av desse mystiske peptidane har tidlegare blitt oversett på grunn av deira korte lengde. Vår forskingsgruppe er dedikert til å svare på dei grunnleggande spørsmåla om korleis translasjon er regulert og kva funksjonen til desse nye "mikropeptidane" er.
Prosjektet vil krevje at kandidaten set opp «state-of-the-art»-teknikkar som ribosomprofilering og CRISPR for å belyse regulering av translasjon under sebrafiskembryogenese. Arbeidet vil skje i nært samarbeid med bioinformatikarar. Kandidaten som blir tilsett vil også kunne bidra til vidare utvikling av prosjektet i tråd med hans/hennar interesser.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan molekylærbiologi eller eit nærliggande fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Teknikkar som blir kravd for dette forskingsprosjektet inkluderer avansert molekylærbiologi, inkludert neste generasjons sekvensering og CRISPR i modellorganismen sebrafisk. Erfaring med sebrafisk, CRISPR, RNA-biologi og/eller neste generasjons sekvensering er ønskeleg, men sterke kandidatar med erfaring i liknande metodar kan bli vurdert.
Kjennskap til utviklingsbiologi er ein stor føremon
Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
Nytte engelsk skriftleg og munnleg
Om postdoktorstillingaPostdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi kan tilby
eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
eit godt utrusta laboratorium for moderne molekylærbiologi, og tilgang til kjernefasilitetar innan mellom anna proteomikk, genomikk, molecular imaging og bioinformatikk
løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønnsramme 24, alternativ 1) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 483 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
medlemsskap i Statens pensjonskasse
stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
gode velferdsordningar
moglegheit for lengre opphald hos samabeidspartnarar ved leiande universitet
Søknaden skal innehalde
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
CV
karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
relevante attestar
liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
utvalte vitskapelege publikasjonar kan leggast ved som PDF
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist: 28. februar 2016Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Eivind Valen (eivind.valen@uib.no).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Nærare om tilsettingsprosessen
her.
Se annonsen og søk på stillingen
www.jobbnorge.noAdresse: Christiesgt. 18 5020 BERGEN
Web: http://www.uib.no