Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig eit vikariat 8 månader som avdelingsingeniør.
Laboratorieverksemda omfattar mellom anna metodar innan cellebiologi, molekylærbiologi og biokjemi som nyttast i biomedisinsk forsking.
Stillinga er knytt til prosjekta ”New concepts of protein regulation in health and disease” finansiert av Norges Forskningsråd og ”Discovery of post-translational N-terminal acetylation” finansiert av ERC.
Arbeidsoppgåver:
- Cellekulturar
- Forskjellige standard molekylærbiologiske analysemetodar
- Protein analysar (Western Blotting, massespektrometri)
- Forskjellige enzymatiske assays for å måle proteinmodifiseringar
- Bruk av gjæren Saccharomyces cerevisae
Forefallande laboratoriearbeid vil også vere ein del av oppgåvene.
Stillinga inneber normalt krevjande og spesialiserte teknisk- faglege støttefunksjonar knytt til forsking. Hovudoppgåver for stillingen vil vere planlegging, gjennomføring og analyse av eksperimentelt arbeid innan forskning på protein N-terminal acetylering knytt til prosjekta. Både standard og avanserte metodar innan protein molekylærbiologi trengs for å gjennomføre arbeidsoppgåvene. Det er forventa at stillingen vil støtte andre medlemmer av gruppa for å løyse større problemstillingar knytt til prosjekta
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha:
- høgare utdanning innen molekylærbiologi eller biomedisin fortrinnsvis på masternivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet.
- røynsle frå arbeid med humane cellelinjer, Saccharomyces cerevisiae og grunnleggjande molekylærbiologiske metodar, er naudsynt.
- røynsle med in vitro enzymassays som måler proteinmodifiseringar inkludert isotopmerking
- gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i vurderinga. Vi søkjer ein person som:
- har stor arbeidskapasitet
- har interesse for forsking
- har god digital kompetanse og evne til å tilegne seg nye ferdigheiter
- er ansvarsmedviten, sjølvstendig og kreativ, men samstundes kan arbeide i team
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn i stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) er for tida kr 449 900 – 485 800 (lønssteg 47-52) med bachelorgrad, og kr 478 300 – 493 700 (lønssteg 51-53) med mastergrad. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Thomas Arnesen,
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen .