UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitenskapeleg assistent
Ved , Universitetet i Bergen, er det ledig ei 100% stilling som vitskapleg assistent for ein periode på inntil 2 år. Stillinga er knytt til forskingsgruppa, Kunnskap, politikk og organisering med dei fleste oppgåvene knytta til to forskingsprosjekt: Policy capacity of interest groups (POLCAP) og Organisational coupling in higher education (COUPLING).
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.
Arbeidsoppgåver:
- Innsamling av datamateriale (dokumenter, intervjuar, observasjon)
- Transkribering av datamateriale og koding
- Gjennomføring av litteratursøk
- Praktiske oppgåver i tilknyting til prosjekter, for eksempel koordinering av datainnsamling, støtte ved prosjektmøte, støtte ved kommunikasjon om prosjekter
- Andre administrative oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
- Mastergrad i statsvitskap; andre relevante samfunnsvitskaplege fag kan bli vurdert
- God metode kunnskap, spesielt kvalitativt metode.
- God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
- God administrativ IT – kompetanse
- God kompetanse eller interesse i NVivo, MaxQDA eller et annet program for kvalitative analyse er fordel
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Årleg løn som vitskapleg assistent (kode 1020), NOK 478300,-
- Medlemskap i
- Gode
Søknaden skal innehalde:
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”søk på jobben”.)
Søknadsfrist: 26.03.2023. Søknaden skal merkast 2023/3639
Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Martina Vukasovic (førsteamanuensis, ).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen .