<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Universitetet i Bergen Stipendiat i hydrotermisk biogeokjemi

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i hydrotermisk biogeokjemi

Ved er det ledig ei stilling som ph.d-stipendiat i hydrotermisk biogeokjemi. Stillinga er i forskingsgruppa Geokjemi og Geobiologi og er tilknytt (CDeepSea). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Denne PhD-stillinga er retta mot termiske innflytelse på remineralisering av organisk materiale i marine sedimenter og de potensielle konsekvensane for liv under havbotnen. Kandidaten vil bruke en kombinasjon av etablert eksperimentelt utstyr, så som batchreaktorer og gjennomstrømningsreaksjonsceller, for å undersøke endringar i organisk-uorganiske væskekomposisjonar i oppvarma marine sedimenter, under realistiske hydrotermiske forhold. Reaksjonsprodukt og det resulterande energilandskapet vil bli undersøkt ved hjelp av ein kombinasjon av geokjemiske, termodynamiske og mikrobiologiske analysar. Dette prosjektet vil bidra til ei betre forståing av kritiske prosessar i den djupe biosfære. Deltaking i vitskaplege forskingstokt som blir rekna som relevante for avhandlingsemnet, kan vera påkravd i løpet av prosjektperioden.

Prosjektet er ein del av tema II ved Senter for Dyphavsforskning: «Fluids to Life».

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan geovitskap eller geokjemi, eller ha levert sin masteroppgåve til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kunnskap om interaksjonar mellom hydrotermise væske og sedimenter er eit krav.
  • Erfaring med vitskapelege forskingstokt er eit krav.
  • Erfaring med eksperimentelt utstyr og prosedyrar til bruk under forsøk ved høgtrykk og temperatur er ein føremon.
  • Erfaring med analyseteknikkar innan akvatisk geokjemi er ein føremon.
  • Erfaring med molekylære mikrobiologiske teknikkar (f.eks. PCR og bioinformatikk) er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. )
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Eoghan Reeves, Institutt for geovitskap, UiB, , tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon; eller førsteamanuensis Steffen L Jørgensen, Institutt for geovitskap, UiB, , tlf Logg inn for å se kontaktinformasjon.

For HR relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgivar Chris-André Karlsen Østevold, UiB, " rel="nofollow">Logg inn for å se kontaktinformasjon.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen .       

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • JUL 31
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • AUG 01
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • AUG 02
    2024
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
29 ledige stillinger

Se flere annonser

Vi søker energimontører!Nettpartner er en av Norges ledende entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Fra veibelysning til kraftfulle høyspentlinjer, sørger vi for
04.09.2024 Øvre Eiker
Vi ser etter deg som vil jobbe med forebyggende sikkerhet i våre bygge- og anleggsprosjekter. Prosjektene spenner seg bredt fra
14.08.2024 Målselv
Vi er på utkikk etter en positiv og engasjert tannhelsesekretær til teamet vårt, som trives med å jobbe tett på
08.08.2024 Stord
Til Nettpartners driftssenter søker vi deg som ønsker å jobbe med dokumentasjon. Du må være klar for en hektisk hverdag
15.08.2024 Fredrikstad
Vil du bli vår ny renholder/ renholdsoperatør på Bardufoss?Forsvarsbygg har nå 4 ledige faste stillinger, som renholder i stillingskode 1129/ renholdsoperatør
12.08.2024 Målselv
Gjensidige er et ledende nordisk forsikringsselskap som er et av de største selskapene på Oslo Børs med om lag 3800
11.08.2024 Sarpsborg
Er du en elektriker som brenner for faget og ønsker å være i forkant med teknologisk utvikling? Da kan Helset
Fortløpende Bærum
Er du en lærling som er ivrig etter å lære og vokse innen elektrofaget? Hos Helset Elektro får du muligheten
Fortløpende Bærum
Vis alle 28.758 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen