<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Universitetet i Bergen Stipendiat i historia til den islamske verda i Det indiske hav

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei stipendiatstilling i historia til den islamske verda i Det indiske hav. Planlagd oppstart er 1. august  2023, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.  

Stillinga er knytt til forskargruppa Senter for Midtausten og islamske studiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.


 Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan historie, antropologi, islamske studiar, religionsvitskap eller i ein liknande disiplin. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.   
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.

Søkjarar må skrive ein omtale av eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling. 

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter .

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalene til søkjarane, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det blir videre lagt vekt på fagstrategiske omsyn, samt at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga. Kandidaten er forventa å ha tilstrekkelege kunnskapar i relevante ikkje-europeiske språk for å kunne gjennomføre forskningsprosjektet. Kunnskap i arabisk vil vere ein føremon.

Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Doktorgradsprosjektet til søkjaren som vinn gjennom skal utforske transregionale koplingar og lokale utviklingar i dei delane av Det indiske hav som har vore forma av islamske kulturelle og religiøse strøymingar. Me tek gjerne imot forslag om tema som til dømestransregionale handelsnettverk, migrasjon og diasporarelasjonar i den moderne perioden etter 1800. Det er venta at søkjaren skal arbeida med relevant primærmateriale på originalspråket, særleg arabisk, men også til dømes persisk, afrikanske språk som swahili eller somali, sørasiatiske språk som urdu eller gujarati, og søraustasiatiske språk som malaysisk eller indonesisk.

Sjå forskargruppa si nettside for meir informasjon om pågåande prosjekt, medlemmar og kompetansefelt.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje. Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til en kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt  ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjent midtvegsevaluering. Trykk for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.


Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på 501 200,-,- kroner brutto. Vidare opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturiste ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, materialar som skal nyttast, etiske aspekt med meir.
  • Ei gjennomtenkt framdriftsplan for prosjektet.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Relevante attestar.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Teemu Ryymin, , tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon, eller Christian Mauder, , tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: .

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen .  

Søknadsfrist: 11.4.2023


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 06
    2024
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 07
    2024
    6 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 09
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 12
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 13
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
47 ledige stillinger

Se flere annonser

Vi vokser og utvider vår aktivitet. Derfor søker vi en dyktig og engasjert hands-on innkjøper til vårt hovedkontor, lokalisert sentralt
Snarest Oslo
Aleris har som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi er ambisiøse
Snarest Bergen
Bravida er en ledende aktør innenfor tekniske tjenester i byggebransjen, med fokus på å levere kvalitetsprodukter og -tjenester innen elektro,
Snarest Oslo
I Aleris har vi som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi
Snarest Lillestrøm
Veidekke har stadig behov for flinke og dyktige folk med ulik bakgrunn og kompetanse - både nyutdannede og mer erfarne
16.05.2024 Sortland
Vil du lede andre og utvikle deg videre innen ventilasjonsfaget? #TeamGk Vi i GK drives av å utvikle, bygge og drifte smarte
26.05.2024 Sogndal
Om stillinga Statens vegvesen, Utbygging, har ei ledig stilling som tenisk byggjeleiar og søkjer etter ein person med kompetanse innan
22.05.2024 Sandnes
Om stillinga Utbyggingsområde Vest har ledige stillingar som kontrollingeniørar og søkjer etter personar med kompetanse innan veg og tunnel, og
14.05.2024 Bergen
Vis alle 29.215 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen